Seminaret «Det utadvendte biblioteket» – om nazistar i biblioteket, medskaping og bibliotekarar som bruker utestemme.

Prisen «Årets bibliotekvenn i Rogaland» er delt ut for første gong i 2014! Den gjekk til journalist Sven Egil Omdal. Omdal tok i mot prisen etter foredraget sitt på bibliotekseminaret «Det utadvendte bibliotek» i Stavanger 18. september. I tillegg til diplom, var prisen gratis adgang til Kapittel i 3 år.

Vinnar

Det var NBF Rogaland som delte ut prisen, og som arrangerte seminaret i forbindelse med Kapittelfestivalen på Sølvberget. Påmeldinga i år slo alle rekordar, og seminaret vart flytta frå Kiellandrommet til Kinosal 11.

Publikum

 

Spennande foredragshaldarar stod i kø:

Sven Egil Omdal: “Nazister i biblioteket, er det et samfunnsoppdrag?”
Sven Egil Omdal er journalist i Stavanger Aftenblad. Han tok utgangspunkt i Sølvberget sitt arrangement i vår, der dei m.a. inviterte Borgervernet Rogaland til debatt i biblioteket. Han stilte spørsmål ved om biblioteket skal vere ein møteplass for krangel, om me skal gje plass til dei som ønskjer å avskaffe det samfunnet me er ein del av? Ein biblioteksjef eller den som inviterer til debatt, har alltid eit synspunkt sjølv. Vi tar politiske val når vi bestemmer kven som skal få sleppe til. Eit offentleg bibliotek kan aldri bli uavhengig. Det er likevel viktig at alle synspunkt får ein skikkeleg presentasjon, og det er betre å kjempe mot nazistane på biblioteket med ord enn med vald i gata, meinte han.

SEO

Han understreka at i den nye tida er det den grunnleggjande ideen til biblioteket som vinn fram. Opplevinga, følelsen det gir.. Medan det digitale fellesskapet er laust og flyktig, er det fysiske fellesskapet varig og aktivt. Biblioteka skaper rom for slike aktive fellesskap. Ikkje minst er rommet mellom bøkene, kompetansen til dei som jobbar der viktig. Me har tilgang til alt, men har ikkje tid eller kunnskap til å ta til oss all kunnskapen som flyt forbi. På same måten som journalisten dukkar ned i straumen, og vel ut kva som skal på dagsorden, er det eit aukande behov for nokon som finn fram, pakker informasjonen, og gjer den tilgjengeleg. Ideen om biblioteket har vist seg å vera bestandig, og er difor enkel å gjenvinne. Biblioteka kan bli endå viktigare viss dei fortset med å gjere det same digitalt som dei alltid har gjort fysisk, sa Omdal blant anna.

Foredraget til Sven Egil Omdal finn du her: http://rogaland.norskbibliotekforening.no/2014/09/nazister-i-biblioteket-er-det-et-samfunnsoppdrag/

Kristin Danielsen: Det utadvendte bibliotek : biblioteket som ramme for å oppleve, skape og dele
Kristin Danielsen er biblioteksjef på Deichmanske bibliotek i Oslo. Ho snakka om endringane i samfunnet, og korleis dei utfordrar og endrar rolla vår. Frå at biblioteka var store boklager og at det klassiske biblioteksoppdraget var “Bildung”, frå at vi skulle finne, hente, levere. Frå at dei som brukte biblioteket var passive konsumentar, no har blitt aktive prosumentar. I dag bruker brukarane oss som ein arena for å oppleve, skape og dele. Dei isceneset seg sjølv, er medskaparar, t.d. via Facebook og Twitter. Dette stiller større krav om at vi må ta kvar bruker for den dei er. Det er endå viktigare enn før med god rettleiing, for å finne informasjon idag er som å skulle ta en slurk av en brannhydrant, seier ho. Ho understreker også at sjølv om formatet endrar seg, blir ikkje brukarane borte: «Så lenge det finst menneske, er det behov for bibliotek»

KD

Kristin knytte desse endringane i brukeråtferd og i samfunnet til planlegginga av nye Deichmanske. Bygginga av nytt bibliotek i Bjørvika tar til i 2014, og biblioteket skal etter planen stå ferdig i 2018.

Kristin Danielsens presentasjon:  Presentasjon Kapittel -Kristin Danielsen

Åsne Hestnes: Det utadvendte skulebiblioteket
Åsne Hestnes er bibliotekar på Dønski videregående skole i Bærum, og tidlegare leiar for NBF Skole. Du får meir goodwill av å delta i læringsarbeidet, enn at katalogen er på stell, seier ho, og understreker at skulebiblioteket er eit tilbod, og ikkje eit rom.

Sjølv om forsking viser at satsing på skulebibliotek styrker leseferdigheiter, er det store skilnader mellom skulebiblioteka, særleg i grunnskulen. Det finst ingen nasjonal strategi, og skulebibliotek er svakt heimla i lovverket, difor er det opp til den einskilde rektoren kor mykje ressursar ho vil bruke på biblioteket.

Ein kan drive mykje godt skulebibliotekarbeid utan bøker, seier ho. Det er først og fremst bibliotekaren som gjer biblioteket utadvendt. For å vere ein utadvendt skulebibliotkar, treng ein ikkje vere ein ekstrovert person. Men det er avgjerande å jobbe utadvendt for å styrke biblioteket sin posisjon i skulen. Bibliotekaren må venda seg mot ledelsen, elevane, lærarane, mot det digitale, og utvikla sin digitale kompetanse.

Gitte Kolstrup: Universitetsbiblioteket i farta, hvilken vei kjører toget?
Gitte Kolstrup er bibliotekdirektør på Universitet i Stavanger, og oppmodar oss til å alltid seie ja, og gjere biblioteket til den aktive staden der alle vil vere. Biblioteket må våge å prøve nye ting, også utan å ha undersøkt alt 100 %!

2014-09-18 14.01.50

Universitetsbiblioteket er på trappene med fleire nye tiltak, t.d. eit senter for opphavsrett og ein 3D-lab.
Den bibliotektilsette må raskt kunne omstille seg til nye oppgåver og krav. Vi må våge å prøve nye ting, utan å vere redde for å bomme. Det er også viktig at vi ser framover, og set oss inn i nye ting. Ein bibliotekar for framtida formidlar meir og registrerer mindre, og inngår i samarbeidsprosjekt med andre faggrupper

Gitte Kolstrups presentasjon: Presentasjon Gitte Kolstrup 18.9.2014

Mariann Schjeide: Den nye bibliotekaren for den nye tida
Mariann Schjeide er leiar i Norsk bibliotekforening, og har permisjon frå stillinga si som biblioteksjef i Ålesund. Ho ønskjer seg meir eufori, latter, humor, bibliotekarar som viser igjen, bibliotekarar som bruker utestemme inne, bibliotekarar som brenn. Ho ønskjer seg engasjement, yrkesstolthet og gode ambassadørar.

Ho tok tak i myter rundt bibliotekarrolla, mellom anna oppfatninga av at bibliotekarar bruker tøfler på jobb. Det handlar om profesjonalitet, og meldinga er klar «Legg igjen tøflene dine heime. Du er på jobb!»

Mariann uttrykkjer også skepsis til bibliotekarar som ikkje er på Facebook. Det handlar om vilje til å vere synlig, vere del av ein delingskultur, og om å følgje med på det som skjer rundt oss. Skal vi kunne lære opp brukarane våre til å vere medvitne brukarar av sosiale media, må vi vere der sjølv.

Foredraget til Mariann Schjeide finn du her:
http://Leder.norskbibliotekforening.no/toflar-bibliotekarar-leiarskap

Skodespelar og regissør Vegar Hoel avslutta dagen med historiar frå tida som bibliotekar.
Styret i NBF Rogaland takker for godt oppmøte, og for ein gild og variert dag!

Tekst: Ane Undheim

Foto: Lisa Søyland